LINJENE - BIOLOGI - FYSIKK - KJEMI - MATEMATIKK
GEOFAG
Korleis blir eigentleg olje og gass til? Kvifor får me tsunamiar, jordskjelv og store vulkanar på jorda? Kvifor regnar det så mykje i Bergen? Kjem det til å regna meir i framtida? Korleis formar ein isbre landskapet, og korleis blir dei skarpe fjelltoppane til? Kvifor kan tornadoar bli så destruktive?
Dette er spørsmål som me svarar på i geofag. Gjennom geofag 1 og 2 får du ein stor innsikt i alt frå korleis jorda er oppbygd, kva dei store naturkatastrofane kjem av, kvifor vêret er som det er i Bergen og korleis klimaet på jorda har vore frå dinosauranes tid til i dag. For å svara på desse spørsmåla jobbar me med ulike karttypar, satellittbilder, animasjonar, og me er sjølvsagt ute i felt for å sjå på ekte geologi, gjera vêrobservasjonar og kartleggja geologiske farer som til dømes skred.
Sidan skulen ligg eit steinkast unna Universitetet i Bergen er me òg innom her for å få det ferskaste frå forskninga innan til dømes klima, samt at me får sjå korleis geologar jobbar.